“Kvardagsglede handla om dei små, enkle tinga du kan gjere i din eigen kvardag for å oppleve mestring og glede.”

aktivCampus Molde

 

Om aktivCampus Molde.

Vi i aktivCampus Molde ønskjer å bidra til meir aktivitet både på og utanfor campus for alle studentar, samt å styrke Moldestudentenes Idrettslag si rolle som ein sosial arena i studietida.

Vi vil i veke 35/36 arrangere aktivitetsveka 2022, som vil vere med på å spreie glede, samhold og vennskap gjennom fysisk aktivitet. Vi har også som formål å legge til rette for å bli bedre kjent med andre studentar på tvers av studieretningar, ved å arrangere forskjellige aktiviteter på ulike steder rundt om i Molde.

Dette vil vere ein super måte for deg som student, å bli betre kjent med alt vi har å tilby av aktiviteter og mennesker rundt om i byen.

Vi håper å sjå deg i aktivitetsveka!

 Vi legg opp til at aktivitetane som blir arrangert er på eit lavterskel nivå og passer til alle, samt vere ein super måte å kunne teste ut noko du kanskje aldri har hatt moglegheit til å prøve før og som kan føre til auka kvardagsglede!

Vi ønsker at studentane skal få meir kvardagsglede gjennom dei 5råda for auka livskvalitet!

  1. Knytt bånd

  2. Ver aktiv

  3. Ver oppmerksam

  4. Fortsett å lære

  5. Fortsett å gi

Blir du med?

Instagram

Facebook